Tekst-til-tale
Verktøy for å gjera om tekst til tale, slik at datamaskina les høgt det som står på skjermen.
Tíró – talgerving
Online Icelandic Speech Synthesis.
Talesyntesen Martha
Talesyntese for grønlandsk.
Nordsamisk kvinnerøyst - Biret
Den nordsamiske kvinnerøysta Biret er basert på opptaka som vart gjort i det fyrste talesynteseprosjektet (ca 2012-2015), som var eit samarbeid mellom det norske Sametinget og Acapela. I tillegg til dei gamle opptaka har det vorte gjort nye opptak med same talar.
Røysta kan lesa norsk og delvis svensk og engelsk, i tillegg til nordsamisk.
Lulesamiske mannsrøyster - Nihkol/Ábmut
Den lulesamiske mannsstemmepakka inneheld to røyster: Nihkol og Ábmut. Begge dei innspelte talarane er frå norsk side av det lulesamiske området.
Nihkol kan lesa norske tekster ganske bra (men ikkje feilfritt). Ábmut er ikkje trena på anna enn lulesamiske data, og vil sannsynlegvis ikkje fungera godt på fleirspråklege tekster.
Dei to røystene er i same pakke fordi dei då støttar kvarandre, og blir betre.
Sørsamisk kvinnerøyst - Aanna
Den sørsamiske kvinnerøysta Aanna er basert på arkivopptak av Anna Jacobsen (1924-2004). Opptaka er brukte i samråd med og med godkjenning av etterkomarane etter Anna Jacobsen. Arkivopptaka er henta frå NRK og lydbøker, og digitalt restaurert, rensa, forbetra og transkribert av Divvun-gruppa i samarbeid med Samisk arkiv og Arkivverket.
Røysta kan lesa norsk og svensk, men ikkje feilfritt.
Lulesamisk kvinnerøyst - Siggá
Den lulesamiske kvinnerøysta Siggá er basert på ein talar frå Sverige.
Røysta kan òg lesa svensk, norsk og engelsk, men ikkje feilfritt.