Lulesamiske mannsrøyster - Nihkol/Ábmut
Den lulesamiske mannsstemmepakka inneheld to røyster: Nihkol og Ábmut. Begge dei innspelte talarane er frå norsk side av det lulesamiske området.
Nihkol kan lesa norske tekster ganske bra (men ikkje feilfritt). Ábmut er ikkje trena på anna enn lulesamiske data, og vil sannsynlegvis ikkje fungera godt på fleirspråklege tekster.
Dei to røystene er i same pakke fordi dei då støttar kvarandre, og blir betre.